Orgelbrus til inntekt for restaureringa av orgelet i Tjugum kyrkje


Orgelbrus til inntekt for restaureringa av orgelet i Tjugum kyrkje


Balestrand sokneråd fylgjer opp suksessen med "Orgelbrus" frå i fjor. Også i år kan du kjøpe flasker med "Orgelbrus" til inntekt for restaureringa av orgelet i Tjugum kyrkje i Balestrand.

Bestill Orgelbrus

Orgelbrusen er laga av Balholm AS og er ein sprudlande, alkoholfri fruktdrikk med juice frå eple og rabarbra.

Du kan førehandsbestille "Orgelbrus" ved å fylle ut dette skjemaet.
Flaskene du bestiller kan hentast ved Torgdagen i Holmen laurdag 28. november, eller du kan avtale henting med kyrkjekontoret i Balestrand m. 920 60 832.

Det vil også verte sal av orgelbrus i samband med arrangement i kyrkja (ved kyrkjekaffien etter gudstenester, ved julekonserten 13. desember mm)

Ein betaler ved henting, via Vipps eller kort. Det er også mogeleg å få tilsendt faktura.

Prisar

1-3 flasker kr. 140 pr flaske med 75 ml
4 eller fleire flasker kr. 135 pr flaske
Eitt brett (12 flasker) kr. 1.500 (kr. 125 pr flaske)

 

Spørsmål?

Ved spørsmål, ta kontakt med leiar i orgelkomiteen, Tore Brudvik m. 450 48 715

 

Tilbake