8.november "brakar det laus" med ei Sprell Levande Lys Vaken gudsteneste i Stedje kyrkje kl.11:00. Gudstenesta avsluttar Lys Vaken-helga for 10- og 11-åringane. Alle femåringar er ekstra velkomne og får ei klistremerkebok om då Jesus vart fødd. Barnekoret i Stedje deltek.
Foto: Helene Moe Slinning/Den norske kirke
Tidlegare hadde me eiga Sprell Levande gudsteneste om hausten. Denne har me slege saman med Lys Vaken, og håpar det kan verte ei flott gudstenestefeiring i lag med heile familien. Barnekoret i Stedje syng, både åleine og i lag med dei som har vore på Lys Vaken dagen før. Les meir om Lys Vaken her.
Gudstenesta vert med dåp, bønevandring, utdeling til femåringane, bibelforteljing på ein leikande måte, mykje song og rørsler, og me avsluttar med kyrkjekaffi.

Foto: Den norske kirke
Foto: Helene Moe Slinning.
Kanskje me sjåast? Vel møtt til alle!
Beste helsing kyrkjelydspedagog Birte Husum, 94798799, BH278@kyrkja.no