Konsertar og arrangement i kyrkjene våre i sommar


Konsertar og arrangement i kyrkjene våre i sommar


Dei neste vekene er det nokre kulturarrangement i kyrkjene våre som vi varmt vil anbefale. Laurdag 28. juni vert Boknatta arrangert i Fjærland, og i samband med dette vert det nokre samtalar og foredrag i Fjærland kyrkje. Tysdag 15. juli kjem Elgin Master Chorale frå Illionis, USA til Kaupanger stavkyrkje for ein liten gratis-konsert.

Foto av Elgin Master Chorale

Boknatta i Fjærland, laurdag 28. juni

Festivalpass til Boknatta får ein kjøpt på Tikkio

Sjakkgeniene - Foredrag ved Hans Olav Lahlum (kl. 13.30)

I dette foredraget får me høyra verdshistoria til sjakken fortalt gjennom portrett av dei 16 verdsmeistrane frå 1886 fram til i dag. Sentralt i historia presentert av ein av Noregs mest kjende sjakkommentatorar er dessutan spørsmålet om vesenet til sjakkgeniet: kva personlegdommar og karakterar skjuler seg bak dei geniale sjakktrekka?


Inni er vi alltid unge - Foredrag ved Sissel Gran (kl. 15.00)

Ein dag ho går igjennom byen, møter Sissel Gran plutseleg eit spøkjelse på høglys dag. Der i butikkvindauget ser ho refleksjonen av mor si. Men det er jo ikkje mora, det er henne sjølv! Det er ei sjelsetjande oppleving. Me veit jo alle at me skal bli eldre. Men det kjem likevel som ei overrasking på dei fleste når ein innser at ein har vorte gammal. I boka "Inni er vi alltid unge - aldringsmeditasjoner" utforskar Gran vesenet til aldringa, og om det finst uventa gleder i innspurten i livet. Dessutan, om me ikkje har eit tidlaust indre sjølv som aldri må undervurderast.

 

Der ingen skulle tru - Samtale med Ben Ward (kl. 16.30)

Kva får ein ung mann frå London til å forlata byliv til fordel for ein aude gard ved Sognefjorden? Då Benjamin Ward flytta inn på Kroken gard, hadde ingen budd der på 60 år, og det syntest. Men gjennom hardt arbeid og pågangsmot har han forvandla plassen til eit mini-paradis. Og etter han deltok i NRK-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" er han den mest ettertrakta ungkaren i landet. Me spør Ben kvar han kjem frå, og kvar han skal.

Arrangementet er eit samarbeid med Tidsskriftet Jaja. Samtalen er leidd av redaktør Tora Hope.


Elgin Master Chorale - Kaupanger stavkyrkje 15. juli kl. 18.00

Velkommen til gratiskonsert med Elgin Master Chorale frå Illionis, USA i Kaupanger stavkyrkje.

Elgin Master Chorale er å rekne for ein kulturell institusjon i Elgin og Fox Valley i Illionis. Dei har eit svært høgt nivå på sine framføringar, og består av nesten 100 songarar frå heile Fox Valley.

Dei vert dirigert av Andrew Lewis. I tillegg til å vere dirigent for Elgin Master Chorale, er han kunstnerisk leiar for Bella Voce, grunnleggjar og kunstnerisk leiar for The Janus Ensemble, eit profesjonelt kammerorkester som spesialiserer seg innan barokkmusikk og nyare musikk. Han er kormeister ved St. Luke's Episcopal Church i Evanston, assisterande dirigent for Chicago Symphony Chorus og ved University of Illionis, Chicago.

Medan han studerte Bachelor of Music ved Northwestern University, fekk han stipend for å studere hjå Daniel Barenboim og Asher Fisch ved Staatsoper-Unter-den-Linden i Berlin.

På konserten i Kaupanger stavkyrkje, vert det framført musikk av norske, svenske og amerikanske komponistar.

Konserten er gratis.

Vel møtt!

Tilbake