Her finn du kontaktinformasjon til eksterne tilbydarar som tilbyr tenester med stell av graver i Sogndal kommune (planting, vatning, luking, rydding og ev. krans til jul).
Sogndal kyrkjelege fellesråd har som gravplassmyndigheit i Sogndal kommune ikkje ansvar for å tilby gravstell, men får jamleg spørsmål frå pårørande om kven som kan tilby slike tenester. Som ein service til brukarane av gravplassane kunngjer vi no denne informasjonen gjennom våre kanalar.
- Sogn gravstell ved Sigbjørn Ølmheim tilbyr gravstell på
- Stedje kyrkjegard
- Ølmheim kyrkjegard
- Kaupanger kyrkjegard
- Kaupanger gravlund
- Fjærland kyrkjegard.
Kontakinformasjon: Heimeside: sogngravstell.no, m. 905 60 223. E-post: sigbj-oe@frisurf.no,
- Syrstrond gartneri (Hageland) tilbyr gravstell på
- Leikanger kyrkjegard
- Husabø gravplass.
Kontaktinformasjon: m. 908 65 833. E-post: post@sgartneri.no
- Sogneprodukt avd. Balestrand tilbyr gravstell på
Kontaktinformasjon: m. 480 78 111. E-post: marlun@sogneprodukt.no
På gravplassane Sæle kyrkjegard og Kvamsøy kyrkjegard i Balestrand er det per i dag ikkje eksterne tenesteytarar som tilbyr gravstell inntil vidare. Her lønar fellesrådet personar på timebasis for å utføre stell av eit par graver, men fellesrådet kan ikkje garantere at ein finn folk til å gjere denne jobben frå år til år.